Friday, December 4, 2009

På veg mot Universitet

Vil Høgskolen i Telemark verte Universitet?
Då er det nokre ting dei må tenkje på fyrst...
Ved eit Universitet er leiarane opptekne av at
Studentane skal gjere det bra.
Gode resultat er alfa omega.
Korleis skal studentane gjere det bra når skulen stengjer Lesesalen
like før eksamen?

Når Lesesalen er stengd nett på grunn av at det foregjeng ein eksamen der,
må dei Studentane som ikkje skal opp til eksamen den dagen finne seg ein annan stad å lese.
Det er mogleg.
For eksempel kan ein sitje på biblioteket.
Men kva skal Studentane gjere når skulen, nett denne dagen, har bestemd seg for at
ei stor gruppe Ukjente menneskje skal ha omvisning på skulen?
Ikkje EI stor gruppe forrestan, men mange store grupper.
Og omvisaren må visst prate særs høgt for at desse menneska skal forstå.

På biblioteket.
På veg mot Universitet.
Hm.

1 comment:

Unknown said...

Poetisk, dear! Svært poetisk! :D