Wednesday, February 25, 2009

Eg har fått skia mine, og la ut som ein ekte norsk viking aleine i løypa. Med superundertøy og Kari Traa-sokkar. Så herleg å ha skiløypa tre minutt utanfor døra!
I helga har bestemor og bestefar vore her med fire nydelege vofsar. Dei er herlege, både menneskje og dyr altså.

Friday, February 20, 2009

Apotekteknikarvikar

No har eg fått meg jobb. Eg er ein apotekteknikarvikar. I dag gjekk eg rundt med ein post-itlapp på kleda kor det sto "Eg er heilt ny. Vær snill med meg". Eg ser veldig apoteksk ut, med lysblå skjorte og kvit vest. Dessutan kan eg snart alt om hovudverkstablettar, nasespray, avføringsmiddel og så vidare. Så det er berre å spyrje meg ;)

Sånn ser eg ut når eg er apotekteknikarvikar. Haha, nei, eg tullar. Dette er meg i den finaste krona mi, som eg kjøpte hos Versace for... ja, litt for mykje pengar...

Tuesday, February 3, 2009

Tina i Lykkeland


For tida er det dette som skjer. Det er knappe to veker igjen til premieren på årets Vikorevy, Lykkeland. Derfor er det øving kvar dag. Tralala.