Wednesday, May 27, 2009

Eg er ikkje flink til å oppdatere. Fy skam! No har eg sumarfri, etter å ha avlagt tre avsluttande prøver, i henholdsvis kulturpolitikk I, kulturhistorie og til slutt den o store kunsthistoria. Resultatet er ennå ikkje klart. Det er altså ei spennande tid eg går i møte.

Eg er framleis i Bø, men på laurdag fer eg til Oslo for å stikke innom Magnarpus ein tur, før ferda går til Reykjavik. Det er på tide med eit besøk til det forhenværande heimelandet mitt! Eg saknar Island altså.

Så er det sumar for fullt! Og eg skal ikkje sove bort sumarnatta.