Friday, February 20, 2009

Apotekteknikarvikar

No har eg fått meg jobb. Eg er ein apotekteknikarvikar. I dag gjekk eg rundt med ein post-itlapp på kleda kor det sto "Eg er heilt ny. Vær snill med meg". Eg ser veldig apoteksk ut, med lysblå skjorte og kvit vest. Dessutan kan eg snart alt om hovudverkstablettar, nasespray, avføringsmiddel og så vidare. Så det er berre å spyrje meg ;)

Sånn ser eg ut når eg er apotekteknikarvikar. Haha, nei, eg tullar. Dette er meg i den finaste krona mi, som eg kjøpte hos Versace for... ja, litt for mykje pengar...

1 comment:

Anonymous said...

ah! herlig dyr tiara! har en gucci selv jeg da;)