Wednesday, January 21, 2009

Bruk - ødelegg - kast


For eit bruk og kast samfunn vi lever i! Det er heilt forferdelig og eg blir provosert! Her om dagen (eller kvelden) var eg på eit av dei mange utesteda her i metropolen Bø. Der vart det plutseleg spilt hitlåta Levva Livet, av godeste Åge Aleksandersen. Eg, som var ein glad fisk, hoppa rundt og sang. Ut av intet flaug min mobiltelefon (ein vakker gul Sony Ericsson s500i). Ok, ikkje heilt ut av intet, men ut av lomma mi. Den landa pent og pynteleg i tre delar på golvet. Framdekselet hadde losna! Eg prøvde lenge å fikse det sjølv, men det fekk eg ikkje til. Difor spurde eg alle tilstades om dei ville prøve å reparere min søte gule. Ingen fekk det til...

Det er ein slik telefon eg har. Berre at min ikkje er så heil som denne....

Sidan det er litt dumt å ha eit losna framdeksel på telefonen, gjekk eg i dag på telefonbutikken og spurde om hjelp. Mannen sa at han ikkje fekk fiksa det, og at den søte lille gule måtte sendes inn til reparering på verkstad. Dette ville koste ein stad mellom 500 og 1000 norske, hardt opptjente kroner.

Eg gjekk derifrå sporenstreks! Eg vil ikkje ha det slik, at ein må betale halve prisen av sjølve telefonen berre for å feste eit deksel! Er det mogleg seier eg berre... Så no skal eg gjere det einaste fornuftige....... fikse han med gaffa! Og: If you can't fix it with gaffa, you haven't used enough!

5 comments:

frøken Hope said...

Haha, elegant. Du kan eventuelt bruke superlim, det er mindre klompete på småting som mobiler :D

Anonymous said...

haha!;D herlig herlig!gaffa<3

Tina Laais said...

Ja, mannen på telefonbutikken anbefalte lim, men det er jo hakket tøffere å ha en hardgaffa telefon da! :D

Karen said...

Jeg og har en sånnen, akkurat det samme skjedde med min, men skjermen datt også av.. Jeg sørger enda.

Morsom blogg du har = )

Tina Laais said...

Hihi, tusen takk! Jeg har faktisk fått et nytt deksel nå, fra Oslo S ;)